Årets økumenikkpris ble utdelt under generalforsamlingen i Sandnes, onsdag 26.3. – Freden mellom oss menigheter, har en smitteeffekt på resten av kommunen, sa prisvinner.
– Når menighetene ber for hverandre. Da er det håp for oss andre også da, har vi hørt det sagt. Vi kristne på jord er jo sammen Kristi legeme, uttalte prisvinner etter brusende applaus fra publikum under middagen på Generalforsamlingen.
Samarbeidet begynte allerede litt i 87, og deretter har det vært lang tradisjon for økumenisk samarbeid mellom kirkene i Ål.

Grunngjeving for Økumenikkprisen 2025:
Økumenikkprisen 2025 vert tildelt kyrkjene i Ål, for deira lokaløkumeniske arbeid.
«På fastsette sundager i løpet av året hadde me ikkje parallelle gudstenester, men me avtale å gå til gudsteneste hjå kvarandre. Dermed vart me meir kjende og trygge på kvarandre». Slik vert oppstarten til det rike lokaløkumeniske arbeidet i Ål skildra.
Det starta for rundt tjue år sidan, ja eigentleg starta det lenge før. I 1987 kom nokre kristne leiarar frå ulike kyrkjelyder i Ål saman til bønefellesskap, men i 2003 vart det heiløkumenisk, då under namnet «Saman i bøn for Ål».
Dette har resultert i markering av Bøneveka for kristen enhet, fellesskapskveldar, felles arrangement som Hallovenn, rusfri 10-klassefest for heile Hallingdal, økumeniske gudstenester og ikkje minst leiarforumet.
Dei ulike kyrkjelydsleiarane er eit framifrå døme på leiarar som løfter kvarandre opp og heier på kvarandre. Her handlar det om å stå saman og skape eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for alle.
«Vi har blitt meir trygge på kvarandre, og vi har stor respekt for kvarandre. Ulikheit og uenigheit er ikkje så farlig. Vi har det viktigaste felles», uttrykker desse leiarane.
Med Økumenikkprisen 2025 ønskjer Noregs Kristne Råd å sette søkelys på det heilt sentrale og viktige ved lokaløkumenikken. Vi veit at liknande arbeid også pågår andre stader i landet. Difor håper vi at prisen til den mangeårige og viktige lokaløkumenikken i Ål også vert oppfatta som ein anerkjenning av alt anna lokaløkumenikk. Arbeidet i Ål er eit oppmuntrande og viktig døme blant andre.
I tillegg til å vere eit sterkt band kyrkjene imellom, har kyrkjene i Ål eit tett og godt samarbeid med kommune, og både ordførar og rådmann har uttrykt korleis kyrkjene fremjer god dialogkultur og betydningen av samhald.
Sitatar:
Ordførar Solveig Vestenfor i Ål seier: «Gjennom dei ti åra eg har vore ordførar i Ål har det betydd ein stor forskjell berre det å veta at ein i dette økumeniske trosfellesskapet ber saman for kommunen vår og alle som høyrer til her. I gode dagar er det lett å kjenne at dette løfter oss, men i tunge kriser bidreg dette unike fellesskapet til å bera oss og halde oss gåande i krevjande dagar, som Ål verkeleg har hatt sin del av.
Samarbeidet mellom kyrkja og kommunen betyr meir enn det mange tenkjer. Men i livets mørkeste stunder treng mange ein himmel over livet. Då kan kyrkje, bøn og fellesskap utgjera den vesentlege forskjellen. Og til sjuande og sist handlar livet også om folk, med dei gode menneska som har hjarte for kvarandre og som ber for lokalsamfunnet.»
Generalsekretær Henrik Erhard Hermansen seier: Kyrkjene i Ål viser eit framifrå eksempel på god lokaløkumenikk, og er ein inspirasjon for oss alle. Det økumeniske arbeidet i Ål er omfattende, kontinuerlig og med lange røter. «Sjå kor dei elskar kvarandre» vart det sagt om dei første kristne. Det er dette me møter eit godt døme på i Ål, og slik er kyrkjene Ål et eksempel til etterfølgelse og inspirasjon for oss alle.
Eg har sjølv sett og erfart den sterke einskapen mellom kyrkjene på Ål. Korleis dei lokale kyrkjeleiarane «kappas om å heidre kvandre», – og bruker oppbyggjelege ord til og om kvarandre. Kyrkjene sitt arbeid på Ål er eit klart døme på korleis det å gjere noko åleine avgrensar oss, når vi gjør det saman utvides vår forstand og vi får til meir.