Vi skal møtast

Publisert: 21. mars 2020
Foto: Mikael Stjernberg

Vi skal møtast

når dette er over,

ved eit bord

i ein smekkfull kafé,

i ei kyrkje

der midtgangen yrer

mot Guds alter

og det som skal skje.

Vi skal syngje

og danse

og le.

Vi skal gje til kvarandre

ein lovnad:

Vi skal møtast

når vegen er gått.

Når all prøving vi fekk,

er lagt bak oss,

når vi, trass i det vonde,

har stått,

skal vi dela det svar

vi har fått. 

Men alt no veit vi svaret.

Vi veit det.

Det å elska kvarandre

er alt,

bere bører

når ein har for mykje,

halde oppe

når nokon har falt.

Det var kjærleik

som bar

då det gjaldt.

Flere artikler

Tusenårssamtaler: Fra det hedenske til det kristne blikket 

Publisert: 15. september 2026

Jubileumsstafetten til Gjesvær 2026: En dag om ære, makt, tillit og forsoning

Publisert: 14. september 2026

Kongen er stedt til hvile – arven skal vi forvalte videre

Publisert: 11. september 2026