Flodhesten og deg

Teolog Ellen Hageman er første blogger ut på Økubloggen.

I mars i år sendte skreiv biskopane ut ein plan til alle norske kyrkjelydar. Der oppmodar dei til at me som kristne tar klima- og miljøkrisa meir alvorleg og at me saman kjemper for ei betre verd. Kjente tonar frå biskopane, men denne gongen går dei eit steg lenger enn før og vil at gudstenesta skal vere eit sjølvsagt sted for både håpet og kampen. Det er bra! Det er liten tvil om at det trengs. Eg håpar dei lukkast.

Ein ting me gjer i kvar einaste gudsteneste er å seie fram trusvedkjenninga. – Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Men ein ting vi i ofte gløymer er at Vårherre skapte mennesket til sist. Sånn som det står i 1.Mosebok blei først himmel og jord til, deretter kom plantene, sjødyra og så landdyra. Og fyrst etter at dei var blitt til, fant Gud på å skape mennesket. Kvifor? Det er ikkje fordi mennesket er krona på verket eller at verden ikkje hadde klart seg utan vår art. Det gjorde ho i millionar av år. Det gjekk overraskande bra. Nei, mennesket blei skapt sist fordi me, menneska, ikkje kan leve utan resten av skaparverket. Det er altså motsett av kva me ofte trur: Det er ikkje andre artar som er avhengige av oss. Det er fyrst og fremst me som er avhengige av dei.

Nå må nok kristendomen sjølv ta ein del av ansvaret for at me har gløymd den essensielle rekkjefølga i skapinga. Det ansvaret Vårherre ga oss for å ta vare på dei andre artane, har gitt oss eit temmeleg oppblåst sjølvbilde. Og dessutan tok me Gud litt for mykje på ordet når me blei gitt beskjed om å leggje verda under oss og bli mange. No er me alt for mange. Dei ville dyra er alt for få. Me byggjer motorvegar utan å tenkje på at det som blir ein snarveg for oss er ein omveg for elgen. Og kvart furutre som må bøte livet, gir mindre plass til ekorn. Det er rett og slett nærast umogleg for oss å få opp auga våre for at resten av skapinga faktisk også har lyst til å leve. Ei bille er aldri berre ei bille. Ein mygg er aldri berre ein mygg. Dei er liv. Som oss.

Kor vil eg så hen med dette? Jo, eg har tru på biskopane sitt initiativ. Eg trur og at ei religiøs overtyding kan hjelpe oss når me må forsake det som skal til for å berge livet på planeten. Og vi klarer det ikkje som enkeltmenneske. Det er som fellesskap me må handle. Og kyrkja er nett det; fellesskap. Men eg trur og at dette fellesskapet må favne meir enn menneske. Eg trur at me berre kan lukkast dersom me ser at menneska berre er ein del av det fellesskapet vi til saman kallar det skapte. Me er ikkje eineståande. Me er avhengige av alt livet rundt oss.

Som Gud sjølv sa det til Job: «Sjå flodhesten! Eg har skapt både den og deg.» I den rekkjefølgja.

Ellen Hageman, teolog

Previous

Next

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Ønsker du å dele?

Gjerne del dette innlegget med dine venner!