Vi skal møtast

Publisert: 21. mars 2020
Foto: Mikael Stjernberg

Vi skal møtast

når dette er over,

ved eit bord

i ein smekkfull kafé,

i ei kyrkje

der midtgangen yrer

mot Guds alter

og det som skal skje.

Vi skal syngje

og danse

og le.

Vi skal gje til kvarandre

ein lovnad:

Vi skal møtast

når vegen er gått.

Når all prøving vi fekk,

er lagt bak oss,

når vi, trass i det vonde,

har stått,

skal vi dela det svar

vi har fått. 

Men alt no veit vi svaret.

Vi veit det.

Det å elska kvarandre

er alt,

bere bører

når ein har for mykje,

halde oppe

når nokon har falt.

Det var kjærleik

som bar

då det gjaldt.

Flere artikler

En uke med økumeniske møter om lederskap, religionsfrihet og klimarettferdighet

Publisert: 13. mars 2026

Kvinner samlet til bønn over hele Norge

Publisert: 12. mars 2026

Ti år mot moderne slaveri – kirkene står fortsatt sammen

Publisert: 6. mars 2026