Johannes’ Openberring – ein spegel for vår tid

I ei tid da både forskarar og media seier det same som Johannes’ openberring har sagt i nitten hundre år, må ikkje kristne kyrkjer snu ryggen til vitskapen og bli klimafornektarar.

Dersom vi set oss ned på øya Patmos, der Johannes skreiv Openberringa, kva ser vi da? Vi ser ut over Egearhavet mellom Hellas og Tyrkia, eit havområde der nokre av dei største krisane i verda i dag utspelar seg. Vi ser migrantar drukne i Egearhavet. Vi ser ein natur i rask endring, med stadig hyppigare hetebølgjer. Og frå langt borte kan vi kjenne røyklukta frå skogbrannane i Hellas og Tyrkia.

Hans Johan Sagrusten er prest, bibeloversetter, foredragsholder og forfatter. Foto: Dan Aksel Jacobsen, Bibelselskapet

Syna til Johannes har vorte oppfatta som uforståelege framtidsvisjonar. For berre femti år sidan verka bileta i boka fjerne og urealistiske. Da verka det fjernt at sola skulle få makt til å svi menneska med eld, at ein tredjedel av livet i havet skulle døy, eller at trea på jorda skulle brenne opp. Men bileta er ikkje lenger så fjerne. Nå er dei høgst reelle visjonar av vår eiga samtid.

Boka har eit språk for dei klimaendringane som vi ser omkring oss.

Openberringa er den boka i Bibelen som talar tydelegast om ein natur i rask endring. Boka har med andre ord eit språk for dei klimaendringane som vi ser omkring oss. Ho set ord på den uroa som mange kjenner i vår tid. Difor kjem Openberringa til å bli den mest aktuelle boka for kristen forkynning i framtida.

Ingen andre bøker i Bibelen formidlar den same skremmande kjensla av at alt blir verre, av at verda er komen ut av kontroll. Ingen andre bøker formidlar den same kjensla av at vi ikkje lenger greier å bremse vondskapen. Slik klarer Openberringa å setja ord på den fortvilinga som mange, ikkje minst ungdommar, kjenner i møte med klimaendringane i dag.

Dei siste åra har både vitskapen, media og politikarar byrja å bruke mange av dei same orda som Openberringa.

Openberringa er i ferd med å bli ein samtidsvisjon av oss og vår eiga tid. Dei siste åra har både vitskapen, media og politikarar byrja å bruke mange av dei same orda som Openberringa. Ord og vendingar frå boka dukkar opp på stadig fleire stader. «Ingen var forberedt på den apokalyptiske varmen» skreiv VG i fjor sommar. «Det er skrekkfilmscener som utspiller seg», skreiv Dagbladet. Klimaforskarane målar eit bilete av framtida som er like dramatisk som dei hendingane som Openberringa skildrar.

I denne situasjonen må ikkje kristne forsamlingar vera klimafornektarar. Det ville vera eit tragisk paradoks dersom kyrkjene – nett i ei tid da både media og forskarar byrjar å seia det same som Openberringa – snur ryggen til det som samtida vil seia til oss. I staden burde kristne kyrkjer invitere klimaforskarar og unge klimaaktivistar inn i samlingane sine, for å lære meir om tida vi lever i.

Eg tenkjer at Openberringa liknar på ein stor hall med speglar. Vi kan gå frå kapittel til kapittel og sjå at boka viser oss stadig nye spegelbilete av oss sjølve og vår eiga tid. Slik var det for fem hundre år sidan, slik er det i dag, og slik vil det vera i framtida. Boka avslører oss og får oss til å spørja kvifor vi lever slik som vi gjer, kvifor vi har prioritert slik som vi har gjort.

«Korleis kunne dei la vera å handle? Korleis kunne dei vera så blinde?» Det same kjem framtidige generasjonar truleg til å seia om oss og vårt misbruk av jorda som Gud gav oss.

Vi ser gjerne attende på tidlegare generasjonar og rister på hovudet av dei feilstega dei gjorde. Og vi spør oss: «Korleis kunne dei la vera å handle? Korleis kunne dei vera så blinde?» Det same kjem framtidige generasjonar truleg til å seia om oss og vårt misbruk av jorda som Gud gav oss. Aller mest kjem dei til å klandre oss for at vi ikkje gjorde noko for å stanse endringane i naturen medan vi enno hadde tid. Den britiske politikaren Ed Miliband skreiv i fjor sommar: «Vi kjem til å sjå attende på somrar som denne, ikkje som dei varmaste vi har hatt nokon gong, men høgst sannsynleg som dei svalaste vi nokon gong har opplevd.»

Johannes’ openberring fortel oss ikkje nøyaktig kva vi skal gjera i alle situasjonar. Johannes har vore nøye med å formidle syna sine, utan å tolke kva dei skal tyde. Han har overlate tolkinga til lesarane. Slik har Openberringa vorte ei bok som er open for lesarar til alle tider og i alle kulturar, så vi kan stige innanfor permane.

Det einaste vi ikkje må gjera, er å gje opp. Openberringa tek stadig opp att orda om å halde ut. «Her gjeld det å halde ut» tek Johannes opp att. Verba «hald fast» og «hald ut» og substantivet «tolmod» er dei einaste orda i boka som seier kva vi menneske skal gjera. Boka utfordrar oss til å halde fast på trua på Jesus, til å halde ut i dei prøvingane som kjem over oss, og til å vera tolmodige midt i den verda der vi lever, medan vi arbeider for å gjera det beste for alle menneske.

Teksten er en forkortet versjon av en kronikk i Vårt Land 27. juli 2022.

Hans Johan Sagrusten (f.1970) er prest, bibeloversetter,  foredragsholder og forfatter. Han har blant annet skrevet boka «Johannesopenberring, ein samtidsvisjon» (Verbum -22)

Previous

Next

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Ønsker du å dele?

Gjerne del dette innlegget med dine venner!