Det haster!

Norge må være med på internasjonale dugnaden med å ta imot enslige mindreårige og barnefamilier fra Moria-leiren på Lesvos, sier generalsekretær Erhard Hermansen

Ti europeiske land har sagt JA til å være med på å hjelpe barna i Moria-leiren. De norske kirkelederne mener regjeringen nå må sørge for at Norge blir det ellevte landet. Det er ingen tid å miste. – Det er kirkens ansvar å si ifra om det vi mener er moralsk riktig, og i vårt kristne menneskesyn har alle mennesker like stor verdi, sier Hermansen

Det er godt dokumentert at det er altfor mange stuet sammen i leiren. Mange av dem er barn. Dette er mennesker, ikke tall. Vi kan ikke sitte og se på dette. Norge må hjelpe. Han håper at regjeringen snur og er med å ta ansvar for å hente ut barn og barnefamilier fra den overfylte flyktningeleiren.

Her følger uttalelsen:

Talspersonar frå fleire kyrkjesamfunn har her gått saman i ei oppmoding til regjeringa om å evakuera barnefamiliar og einslege mindreårige frå Moria-leiren.

Noreg må vera med på dugnaden med å ta imot einslege mindreårige og barnefamiliar frå Moria-leiren på Lesbos.

Vi er takksame for og støttar oppmodinga frå 19 tidlegare statsrådar som ber Noreg om å vera med og ta imot einslege mindreårige og barnefamiliar frå Moria-leiren på Lesbos i Hellas.

Fleire europeiske land, som Tyskland og Luxembourg, har starta med å henta ut nokre. Trass i korona-krisa vil Tyskland og Luxembourg no hente ut høvesvis 50 og 12. Vi er klar over og støttar at Noreg har gjeve og gjev bistand til å handtera situasjonen i Hellas. Hellas treng også vår solidaritet.

Men vi må òg vera med på å ta imot nokre her.

Vi har nettopp feira påske der ein i kyrkja stansar ved Jesu kross. Gjennom dette minnest vi kyrkja si oppgåve til å kjenna att smerta og lidinga sitt ansikt lokalt og globalt. No kallar ansikta til borna og dei einslege mindreårige i flyktningeleiren i Moria på oss. Dei treng medkjensle og solidaritet.

Vi oppfordrar regjeringa til at Noreg skal vera med på dugnaden med å evakuera barnefamilar og einslege mindreårige frå Moria-leiren. Det hastar!

Biskopane i Den norske kyrkja

Kristin Gunnleiksrud Raaum, leiar i Kyrkjerådet

Kristine Sandmæl, leiar i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja

Erhard Hermansen, generalsekretær i Noregs Kristne Råd

Previous

Next

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Ønsker du å dele?

Gjerne del dette innlegget med dine venner!